Næringsutvikling på kven og kva sine premissar?

Sogndal er ein stad der innbyggarane er opptekne av å samarbeide for å skape utvikling og framgang for både einskildmenneske, organisasjonar og verksemder.
Eg ynskjer at Sogndal skal styrke seg som regionsenter innan m.a. handel.

Få saker har engasjert så mange over lang tid som næringsområdet på Slakteritomta. I om lag 10 år har området blitt meir og meir forfalle. Dei ynskja hotellplanane lot seg ikkje realisere, ingen investor melde seg for å vere med på å finansiere cruisekai. Eg har vore med på å vedta ein reguleringsplan som seier noko om rammene på kva området kan brukast til.

Utbyggar vil ta kostnaden med fjordsti rundt sitt område – og allmenta vil få fri tilgang til fjordsti og friområde. Reguleringsplanen sikrar Nortura moglegheiter for utviding, og slik trygge viktige arbeidsplassar i kommunen. Tenderkai og gjestehamn kan bli realisert. Alt dette er etter mi meining positivt.

Gjennom mine nærare 12 år i politikken har eg sjølv stilt spørsmål om kva som skjer på tomta, har som ordførar mange gangar svara på same spørsmålet. No nærmar det seg realisering av eit prosjekt som vi som politikarar stiller strenge krav til. Det er jobben vår samstundes som vi skal møte næringsutviklarar med positivitet. Etter mange år ser eg at det nærmar seg ei realisering av næringsaktivitet på tomta. Etter mange år med spørsmål om det skjer noko, skjer det noko. Og det skjer etter mi meining på lokalsamfunnet sine premissar.

Kommunen har eit uttalt mål om å styrke seg m.a. innan tenesteytande næringar, handel. Som politikar skal ein ta ulike omsyn, om det er mange eller få.

Før utbyggingsavtale og byggesak har kommunestyret tydeleg sagt at det skal stillast strenge estetiske krav til utbygging av denne vakre sjønære tomta. Utbyggar vil før byggesak presentere og orientere i eit folkemøte. Det vil gjerast gjennom ein visualisert 3D-presentasjon. Krava våre er strenge og eg er trygg på at estetikken vert ivareteken.

Det store engasjementet i saka er positivt, vi bryr oss om korleis bygda skal utvikle seg og sjå ut. Det er udelt positivt og vil etter mi vurdering legge til rette for ei god utbygging.

Historia fortel om stor lokal motstand mot m.a. bygging av Kulturhuset og Sognahallen. Men det skal seiast at motstand er med på å gjere prosjekta godt gjennomteinkte. Kvar hadde vi vore om vi høyrde på dei som ikkje ville realisere korkje Storhallen eller Kulturhuset? Om vi kvar gang bøygde unna for dei som ropte som høgst?

Kommunen er inne i ein svært positiv utvikling, med sterk vekst i folketalet, stor byggeaktivitet på Fosshaugane campus, gode søkjartal til alle skulane i kommunen. Næringslivet går godt. Kommunen skal bidra til at denne utviklinga held fram. Vi må m.a. legge til rette for utbygging av næringsareal og fleire bustader, og kommunen må vise evne til å ta avgjerder, også i dei sakene som det er ulike syn på.

Jarle Aarvoll

Vist 96 ganger. Følges av 1 person.
Annonse